Dette skriver forslagsstilleren om Storfjordkoret:

Gjennom ei årrekkje har koret spreidd sangglede og humør gjennom små og store arrangement. Ikkje noko arrangement er for lite, og før OL -94 såg vi at koret også kan nyttast i større samanhengar.

Gjennom sitt allsidige repertoar framstår koret som vår fremste eksponent for kommunens våpen og motto. Våre innbyggjarar sine ulike røter finn næring og vekst i korets fine tolkningar av såvel norsk, finsk og samisk musikk.

Koret har appell til ei brei aldersgruppe både av tilhøyrarar og utøvarar, og det er ei fryd å sjå ungdommar under 20 år finna tonen i samstemt kor med pensjonistar.

Ved å tildela koret prisen, vil ein kunna få ein signaleffekt til alt anna innafor musikklivet i kommunen.