Om konserten:
Sommaren 1860 gjekk Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) frå Kristiania til Trondheim og attende og var mellom mykje anna til stades ved kroninga av den svensknorske kongen Karl den 15. i Nidarosdomen 5.august 1860. Hendingane frå reisa kom ut i to hefte året etter, i 1861 i boka Ferdaminne frå sumaren 1860.

10 av dikta i denne boka blir her presentert med heilt nye melodiar komponert av Magne Skjævesland.

Dessutan vil bakgrunnen for dikta bli forklart/ framført mellom kvar song.
Rekkefølga er slik dei er i boka/reisa:

  • Frå byen det berer
  • Store menn
  • Den norske og den svenske mann
  • Den kvelden
  • Seterjenta
  • Å kjære vene
  • Å gjera vondt
  • I gamle dagar
  • Turid på Tautra
  • Drengen finn Drosi