Storfjord kommune har mottatt en særdeles hyggelig hilsen fra lederen i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Han skriver:

Noregs Mållag tykkjer det er veldig bra at Storfjord kommune har vedteke å bruke både samisk og kvensk namn på kommunen. Å vere ein trespråkleg kommune er sjeldsynt, og Storfjord kommune har all mogleg grunn til å vere stolt av seg sjølv!

Det er om lag 6000 språk i verda. Mange av desse er truga, av ulike årsaker. Ei viktig årsak til at språk døyr, er at språket ikkje blir brukt. Dess mindre vi bruker eit språk, og dess sjeldnare vi møter eit språk, dess større er sjansen for at generasjonane etter oss ikkje kjem til å møte språket. Difor er det godt at kommunar som Storfjord kommune brøyter veg og viser at språkleg mangfald er eit gode som vi bør verne om og bruke mest mogleg.

Gratulerer Storfjord kommune!

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag