Til grunneigarane

I 2015 og 2016 skal smitteregion Skibotn behandlast med rotenon.Skibotnvassdraget, Signaldalselva, Kitdalselva og Balsfjordelva er deil fire største elvene, men regionen består av mange mindre elver. Vedlagt ligg kartet over smitteregionen. Innafor skravert område skal alle elver, bekker og sig behandlast på anadom strekke, det vil seie opp til vandreingshinderet for laks, sjøaure og sjørøye. Det vil komme meir informasjon både om rotenonaksjonen og bevaringa av laksefisk til grunneigarane og lokale gjennom elveeigarlag, interesseorganisasjonar, lokal media og folkemøte. Veterinærinstituttet har planlaeggingsansvaret og vi ber no grunneigarane i elvene om hjelp til å få til ein best mogleg aksjon.

Skibotnvassdraget og Kitdalselva vart kartlagt i 2013. Kartlegginga legg grunnlaget for karta behandlarane våre bruker under aksjonen. Det er viktig at behandlingskarta blir så nøyaktige som mogleg.

På karta finn du punktnummer som det ligg ekstra informasjon om i punktbeskrivinga, bl.a. behandlingsmetodikk. På karta er det avmerka nokre X-ar, dette symboliserar vandringshinder for sjørøye, sjøaure og laks. I dei fleste bekkane har vandringshinderet eit eige punkt. Karta er ikkje det endelege materialet behandlingsmannskapa får med seg, men dei gir ein god indikasjon på avgrensinga av behandlingsområdet. Alle vassvegane skal behandlas opp til vandringshinder for sjørøye, sjøaure eller laks eller til det ikkje er vatn lenger.

Vi ber spesielt om meir informasjon om :

  • Vassinntak, både til mennesker og dyr
  • Brønnar og avløp i nærleik til behandlingsområdet
  • Fiskedammar som er anlagt på oversidan av der fisk naturlig vandrar opp
  • Dyr som kan vere på beite
  • Grunnvassoppkomme
  • Manglar og unøyaktigheiter på kartet
  • Utsetting/flytting av fisk frå lakseførande delar av vassdarg til andre lokalitetar

Ved spørsmål eller kommentarar ver vennleg og tak kontakt med:

Veterinærinstituttet

v/ Anveig Nordtug Wist

anveig-nordtug.wist@vetinst.no

Tlf: 928 56 699